Lørdag 13. mars–Kl. 19.00

Sted:
Sarpsborg scene - Robert Normann-salen

Pris:
640,-

Kjøp billett

Ingebjørg Bratland

Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står på scena oppstår det noko heilt eige.

Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko.

Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.

Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum. 

Info

Restriksjoner
Ingen aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billetter kan ikke byttes og refunderes kun ved avlysning av arrangement

Kjøp billett

Lignende arrangementer

Sweetheart – årets tristeste julekonsert

Lørdag 12. desember – Kl. 19.00

Sweetheart – årets tristeste julekonsert

Les mer
Nyttår i New Orleans – Forsvarets stabsmusikkorps

Fredag 15. januar 2027 – Kl. 19.00

Nyttår i New Orleans – Forsvarets stabsmusikkorps

Les mer
Janove live 2027

Fredag 5. februar 2027 – Kl. 20.00

Janove live 2027

Les mer
Se programmet her